I dei seinare åra har Davik vore i ei nedgongstid med tap av mange arbeidsplassar då Davik fiskeindustri vart lagt ned. Fleire gardsbruk har avvikla dyrehaldet.
Det er også slik at fleire flyttar frå enn til bygda m.a pga mangel på arbeid.
Dette har tvinga fram omstilling og nytenking.
- Bygda har nokre sjølvstendige næringsdrivande innan ulike felt. Dette er for det meste einmannsverksemder, som kan ha potensiale for fleire tilsette.
- I nokre av lokala til tidlegare Davik fiskeindustri er FjordShell AS i gong med etablering av blåskjellmottak, som skal avgifte og vidareforedle blåskjell. Per tid er det 1 tilsett.Men når mottaket startar opp,truleg i veke 21, kan arbeidsstokken vere utvida til 5 personar.

- Davik har kontakt med Bremanger vekst. Dei køyrer eir program som skal vere med å utvikle idear til praktisk handling. Det har vore lufta nokre idear, og dei som driv programmet har tru på Davik. Ideane har dreia seg om reiseliv/turisme og snekkerbransjen.
- I tillegg er Davik med i fylkesmannen sitt 3-årige bygdeutviklingsprogram. Dette går i å utvikle bygda både med omsyn til trivsel og etterkvart vere medspelarar i næringsutvikling.
Det kan sjå ut som om ny optimisme for bygda er i utvikling.
Norway advenTURes |