Davik

Davik.no

Tomter / bustader






KOMMUNEDELPLAN FOR TOMTER OG BUSTADER

Bremanger kommune jobbar i desse dagar med kommunedelplanar for tomter/bustader og bustadfelt. Ein er no ferdige i ytre Bremanger, og Davik ventar no på tur.
Davik utviklingslag har inngått eit samarbeid med kommunen.på oppmoding frå ordføraren. Laget skal gjere ei undersøking mellom grunneigarar/ huseigarar for å kartleggje interresse for sal av tomter og grunn til bustadfelt, sal av bustader og utleige av bustader. Resultatet vert sendt til kommunen, slik at det kjem med i kommunedelplanen. Vi går ut frå at vi skal komme langt dette året.
Det vert i desse dagar sendt ut eit brev frå utviklingslaget til grunn - / og huseigarar i saka. Dette kan du også lese her.Til dette brevet er det lagt ved eit skriv frå ordføraren i saka. Dette skrivet vert snarleg lagt ut på denne sida.Til grunn- /huseigarar på strekninga Isane - Endal


KOMMUNEN VURDERER Å KJØPE NYTT TOMTEAREAL I PRESTEGARDEN BUSTADFELT.
Plan - og utviklingsutvalet skal ha ekstramøte 11.07.07 der dette skal vurderast.
Det er allereie selt ei tomt i dette området. Vedkomande skal knyte seg til vatn og kloakk, og det skal vere avkøyrsle o.l der. I høve dette arbeidet vurderer no kommunen å kjøpe omliggande tomteareal. "Storemyra" (Område midt i bustadfeltet) vert også vurdert utlagt til bustadtomter.Nytt tomteareal i Prestegarden bustadfelt?


PLAN - OG UTVIKLINGSUTVALET VEDTOK I DAG 11.07.07 ADMINISTRASJONEN SITT FRAMLEGG OM KJØP AV NYTT TOMTEAREAL M.M. PÅ PRESTEGARDEN. Sjå saksutgreiieng og framlegg til vedtak frå administrasjonen ovanfor.

Send epost: post@davik.no