Davik

Davik.no

Davik fysioterapi

Fysioterapeut Sølvi Joensen
DAVIK FYSIOTERAPI

Vert driven av fysioterapeut Sølvi Joensen.
Fysioterapeuten held til i eigne moderne, lokale på heimgarden i Åsane.

HISTORIE :
Etter fullført fysioterapiutdanning i Berlin overtok Sølvi i 1992 ein privat praksis i Svelgen. Då familien bestemte seg for å flytte til Davik blei det bestemt å flytte praksisen med. Sommaren 2001 opna instituttet på Davik. Vidareutdanning i psykiatrisk og psykosomatisk fysioterapi 2005.
Sølvi har 100% driftsavtale, noko som gjev brukarar av fysioterapitenester trygderefusjon på deler eller heile behandlinga.

KVA ER FYSIOTERAPI
Fysioterapeutar er ekspertar på muskel- og skjelettapparatet.
Igjennom utdanninga har fysioterapeuten fått forståing av mennesket sin anatomi , fysiologiske funksjon og rørsleutvikling. I tillegg fått forståing for samspel mellom individ, miljø og sjukdom.
Fysioterapeutane er sentrale i førebyggjande arbeid og behandling av belastningslidingar.

Fysioterapi er retta mot både kroppslige og psykiske plager samt tilrettelegging av menneske sitt livs- og arbeidstilhøve. Vi har som oppgåve å bevare og fremme god helse i alle aldersgrupper.
Du treng ikkje være sjuk for å ha behov for fysioterapi. Ein av fysioterapeuten si viktigaste oppgåve er å skape forståing for korleis sjukdom og skader oppstår slik at du sjølv kan førebygge.
Fysioterapeutane har eigne faggrupper innafor ei rekke spesialfelt.

Henta frå Norske Fysioterpeuters Forbund si brosjyre om psykiatrisk og psykosomatisk fysioterapi

Har du lyst til å lese meir om fysioterapi kan du gå inn på www.fysio.no
Davik fysioterapi © Sølvi Joensen

BEHANDLING :
Behandling blir bestemt ut i frå dei funn ein gjer på ei undersøking. Fyrste konsultasjon tar som regel ein klokketime. Vanlig fysioterapibehandling varer som regel i 30-45 min.

Du treng henvising frå legen din for å få fysikalsk behandling.

Behandling kan m.a. være pga. av:

· Opptrening etter akutte skader/operasjonar
· Nakke/skulder smerter
· Slitasje i ledd, mest hofter og kne
· Ryggplager
· Bekkenplager
· Belastningslidingar
· Lunge sjukdomar
· Hjartesjukdomar
· Undersøking og oppfølging av barn

I TILLEGG TILBYR DAVIK FYSIOTERAPI :
Tverrfaglige møter og samarbeid med legane i kommune og 2. linjeteneste.
Samarbeid med helsestasjon der vi har ansvar for motorisk Screening av 6 åringane.
Davik fysioterapi har ansvar for oppfølging av barn i indre del av kommunen. Det inneber å delta i ansvarsgruppemøte og utarbeiding av deler av individuell plan der det trengst.
Heimebehandling tilbod til dei som treng det.
Held kurs i forflyttingsteknikk
Svangerskapskurs i samarbeid med helsestasjon (ved behov)
Barselgrupper (og i samarbeid med helsestasjon)
Gruppetrening

I tillegg kan Davik fysioterapi tilby:

PSYKOMOTORISK FYSIOTERAPI :
Psykiatrisk og psykosomatisk fysioterapi er eit fagområde innanfor fysioterapi. Vidareutdanning i dette feltet kan ein ta i Oslo, Bergen, Trondheim eller Tromsø.
Det er om lag 200 fysioterapeutar i Noreg med denne vidareutdanninga.
I psykiatrisk og psykosomatisk fysioterapi vert eit heilt spekter av funksjonsproblem behandla: kroppslige spenningar, muskel- og skjelett lidingar, samt psykiske lidingar med ulik alvorsgrad som t.d. angst, spiseforstyrrelsar og depresjon.
I tillegg vert pasientar med kroniske smertetilstandar, utbrenthet, slitasjar i ledd, reumatiske lidingar samt astma og andre former for pusteproblem tilvist.

Fysioterapeuten ser i denne behandlingsforma på pasienten sin funksjon med spesielt vektlegging på
- muskulære forhold og pust
- kroppsholdningar og vanestillingar
- Rørslemønster og balanse
- Stabilitet og omstillingsevne
- Kroppslige reaksjon og væremåte.
- Kontakt med eigen kropp og kjensler

Ein psykomotorisk behandling tar ein klokketime.

Davik fysioterapi © Sølvi Joensen

TRENING :
Gruppetrening vert arrangert etter behov. Her kan nemnast trim og avspenningsgrupper, Rak i ryggen gruppe (i samarbeid med SFE) Barselgrupper,
Det er høve til å komme å trene her etter avtale.
Det er lagt vekt på at det er godt utval i treningsutstyr slik at alle kan finne noko dei liker eller kan variere treninga med.
Her er utstyr som tredemølle, ro apparat, terapimaster, medisinsk trenings terapi utstyr, vekter, benkpress, nedtrekk, ergometersykkel, balansetrening med meir.

TRENINGSPRISAR :
Enkel time. kr. 60,-
1 mnd. trening: kr. 350,-
3 mnd. trening kr. 900,-
6 mnd. trening kr. 1800,-
Hjelp til instruksjon og treningsprogram (ca.1 t) kr. 300,-

Trening vert avtalt med fysioterapeuten.

Takstar:
Sjå linken nedanfor:

www.fysio.no/PRIVAT-PRAKSIS/Om-takster-og-takstbruk/Egenandelsplakaten


Venteliste:
Opptrening etter skader/operasjon har ingen ventetid.
Ellers må det påreknast noko ventetid avhengig av diagnose.

Nakkeputer/Tempur:
Fysioterapien har sal av ein del Tempurprodukt (nakkeputer, ryggputer, sykkelsete, reiseputer) Har og andre typer nakkeputer, varmepakningar, ispakningar og såler.

Opningstider
Mandag og fredag: 09.00 – 16.00
Tysdag: 09.00 – 18.00
Onsdag: 16.00 – 21.00
Torsdag: 09.00 – 17.00

Tlf.nr. 57 79 15 50
Mobil nr.: 91 83 85 85


Send epost: post@davik.no