Davik.no
|
Davik utviklingslag |


VELKOMNE TIL DAVIK UTVIKLINGSLAG
Utviklingslaget vart skipa i 2003. Med dette vona ein å komme i gong med arbeidet med å skape "ny giv" i bygda. Bygda har vore plaga av fråflytting, reduserte offentlege tilbod og tap av den største arbeisplassen. Her måtte det gjerast "grep". Oppstarting av eit utviklingslag kunne bli starten på ein snuoperasjon til optimisme for framtida.
Davik var med i bygdeutviklingsprogrammet (BU) frå 2005 - 2008. Dette vart avslutta med bygdeforum i Davik 31.mai - 1.juni 2008. Her samlast dei seks bygdene som er med i BU-programmet til hygge og nytte.
I desse tre åra fekk bygda til saman Kr 240 000,- frå fylkesmannen og kommunen til prosjekt og kurs av ulikt slag.
BU-programmet 2005 - 2008
Kart over BU-bygdene

I arbeidet med å finne ut kvar ein skulle starte arbeidet, vart trivselstiltak rangert som det viktigaste i første hand. Filosofien bak det var å samle dei fastbuande rundt overkommelege tiltak, som i sin tur kunne medføre auka samarbeid og trivsel. Fekk ein til dette, kunne det gje betre grobotn for gode ideaer, og motivasjon til å setje dei ut i livet. Kanskje kunne vi etterkvart vere med å bremse fråflytting og auke tilflytting til bygda.Sidan oppstarten har laget jobba med ulike saker. Det kan nemnast:
¤ Var med og jobba fram breiband til bygda.
¤ Felles jonsokfeiring på Hauesanden (Er no tradisjon)
¤ Barnetreff i nærmiljøanlegget kvar veke i den lyse årstida.
¤ Kakebar på Dampen annankvar laurdag ettermiddag ( ikkje aktiv pr. no)
¤ Sandvolleyballbane i samarb. med idrettslaget (Tatt i bruk)
¤ Medarrangør i Kulturfestivalen på Davik
¤ Medspelar i Trodestemnet annakvart år.
¤ Utvikling av badestranda Hauesanden m / sanitærbygg(bygget blir oppsett våren 2008)
¤ Nordsjøløypa. Dette høyrer under eit nasjonalt prosjekt innan reiseliv/ turisme. Lokalt tyder dette ein natursti rundt bygda oppom bøgarden (under arbeid)
¤ Informasjonstavle over Davik på Austveggen på Joker (Under arbeid)
¤ Tomter og bustadfelt (under arbeid)
¤ Kommunale dokument er no tilgjengelege hjå Joker Davik
¤ Merking av rås til Troda, i samarbeid med Davik oppvekst
¤ Utbetring av vegen Davik - Rugsund (det bli jobba med saka)
¤ Sikring av vegen Davik - Isane (under arbeid)
¤ Få minibank til bygda (under arbeid)
¤ Bygdekontor i Borgstova m/ tilknytting breiband
¤ Heimesida davik.no
¤ Troda Tidende , Informasjonsavis for Davik og omegn ( komen ut i to utg. 2007)
¤ Blomsterhelsing levert på døra til nye sambygdingar, nybakte foreldre og til dei med nye hus
¤ Samarbeid med Bremanger Vekst /Kime. Dette er eit forum der ein kan lufte idear/utveksle idear om næringsutvikling, få vegleiing om mogelegheiter og framgongsmåtar. ( HAr vore eitpar møter i Davik om dette).
ARBEID MED BYGDEUTVIKLING ER KJEKT OG LÆRERIKT.
Laget ønskjer fleire medspelarar til å jobbe med dei ulike prosjekta/ sakene. Har du lyst til å vere med i aktiv jobbing for bygda di, kontakt nokon i styret eller på e-post : post@davik.no

Hauesanden har blitt ein mykje brukt samlingsplass for små og store sambygdingar og feriefolk.Her på jonsokafta 2007.
BILETE FRÅ DELAR AV NORDSJØLØYPA




Send epost: post@davik.no